mandag 3. desember 2007

3 desember

i dag er det tredje desember
håper alle har det bra
det er ikkje lenge til jul so dem som ikkje har kjøpt julegaver enda bør gjøre det no
21 dager igjen til jul

Det lyser i stille grender

Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld,
og tusunde barnehender
mot himmelen ljosi held.

Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall
som kom og vart heimsens frelsar
som barn i ein vesal stall.

Han låg der med høy til pute,
og gret på si ringe seng,
med’ englane song der ute
på Betlehems aude eng.

Der song dei for fyrste gongen,
ved natt over Davids by,
den evige himmelsongen
som alltid er ung og ny.

[Songen som atter tonar
med jubel kvar julenatt,
um barnet, Guds son og sonar
som myrkret for evigt batt.]

Jakob Sande i «Jol i Sunnfjord», 1931

2 kommentarer:

Ruth Iren sa...

Ein måne t eg bler 19!!! :D:D:D

Robin sa...

jej

ej he tenkt til å legge ut ein julesang kvar einaste dag i desember fordi det er min måte å spre juleglede på:)
ha ei god vente tid folkens:)